Lisa Volden kan sleppa jubelen laus for Vestbøstad-siger etter at damefinalen er ferdig. Foto: Kjetil Rydland.

I tradisjonelt ruskavêr av verste merke laurdag ettermiddag blei Vintercupen avslutta med finalesigrar for Vestbøstad i dameklassen og Storavatnet i herreklassen.

Årets vintercup på Fitjar opna laurdag morgon i vindfullt, men fint spelevêr, men før finalane var ferdige, hadde publikum gått heim. Nesten ingen fekk sjå Storavatnet slå Kalveid/Vestbøstad i herrefinalen. Då Vestbøstad 1 slo Øvrabygdo/Dåfjorden i damefinalen, var det til ein viss grad uteverande vêr.

Våte og forfrosne kan gutane frå Storavatnet jubla over siger i årets vintercup. Foto: Kjetil Rydland.

Den årlege vintercupen fekk favorittsiger i dameklassen. Her var det tidleg klart at Vestbøstad 1 skulle møta Øvrabygdo/Dåfjorden i finalen. Det var ikkje ein gong nødvendig å spela semifinalane. I A-finalen fekk me ein jamn kamp, der Vestbøstad vann ein knapp, men fortent 1-0-siger over jentene frå «krinsane». Målscorar i finalen var Vilde Vestbøstad.

I herreklassen var vegen til finalen mykje tyngre, spesielt for Storavatnet. Etter puljespelet stod tre lag likt, og det måtte finrekning til for å avgjera at det var Stratos og Storavatnet, og ikkje Vestbøstad, som skulle vidare til semifinale. Her må det tydelegvis skrivast klarare reglar, slik at me ikkje kjem opp i ei liknande knipe ved seinare høve.

Dei letttbeinte storavassgutane kom seg vidare til A-finalen, og her var dei klårt sterkare enn motstandarane frå Kalveid/Vestbøstad. 3-1 blei sigeren, etter scoringar av Daniel Skarpnes, Marius Helland Storebø og Jonas Yang Tislevoll. Kalveid/Vestbøstad pressa hardt på slutten, men greidde berre å redusera éin gong. Dermed kunne far og son, André og Marius, jubla saman med ein flokk våte og forfrosne lagkameratar. Diverre var det berre éin publikummar igjen på banen då finaledommar Finn Ingvar Havnerås bles av årets vintercup.

Cupgeneral Rune Brakedal melder om eit par leie skader, men cupen blei avvikla etter programmet. Slik det alltid er når det blir arrangert fotballcup på Fitjar.