Borna stod klar med blomar og flagg då Mamma Maggie vitja Bakken barnehage tidlegare i dag.

Så var det då ikkje kven som helst som kom. Mamma Maggie har gjort eit enormt arbeid for fattige på søppelfjellet i Kairo, folk som verken har politiske, sosiale eller religiøse rettar. Om lag 100 000 koptarar lever på eit fjell av søppel. For to år sidan var Mamma Maggie nominert til Nobels fredspris for dette arbeidet. Ho fekk ikkje prisen denne gangen, men kanskje eit anna år?

Venskapsbarnehage
Når mamma Maggie vitjar Bakken barnehage i sitt tette program i Norge, er det ikkje tilfeldig. Bakken barnehage har dette arbeidet som prosjekt, og dei er venskapsbarnehage med borna i Egypt. Personell frå Bakken, med styrar Torunn Aarskog i spissen, har òg vore og vitja arbeidet der.

Det første Mamma Maggie gjorde då ho kom innanfor porten til Bakken barnehage, var at ho bøyde seg ned og kyste jorda. – I want to kiss the ground under your feet, for you are so prescious!, sa ho.

På Bakken vart det servering for inviterte gjester med påfølgjande samling etterpå. I kveld kan ein møte Mamma Maggie i Stord kyrkje.

Ingressbilete: Mamma Maggie hadde nydeleg fokus på barna då ho kom til Bakken barnehage i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

OBS! Vert ikkje bileta til høgre store når du trykkjer på det, så trykk dei ut i krysset og trykk ein gong til på det same biletet.