Fotballfolket kan sjå fram til fleire «feite» lokaloppgjer i 4. divisjon, går det fram av terminlista frå Hordaland Fotballkrets.
Ingen ting er som eit skikkeleg lokaloppgjer på fotballbanen, og i år kan fotballpublikum venta seg fleire godbitar.
Den største av dei alle kjem allereie i serieopninga. Då kjem nyopprykte Solid på besøk til Fitjar Idrettspark, med eit lag som osar av hard satsing i Sagvåg.
Heimekampar mot Trio laurdag 25. april og mot eit ungt Stord Fotball 2 laurdag 13. juni er heller ikkje å forakta. Ingen ting er så kjekt som å slå kjensfolk på fotballbanen, så både Fitjar-spelarane og publikum har mykje å sjå fram til.
A-laget avsluttar sesongen med heimekamp mot Bremnes, ein annan yndlingsmotstandar, laurdag 17. oktober. Vonleg ikkje i kamp om å unngå nedrykk.
Både spelarane og trenar Kjell Træet ser fram til mange fine, prestisjefylte oppgjer i sesongen som kjem. Det bør me andre òg gjera.
Slik ser terminlista ut:
Laurdag 11. april kl. 15.00: FITJAR – SOLID, Fitjar Idrettspark
Laurdag 18. april kl. 15.00: TELAVÅG – FITJAR, Telavåg gras
Laurdag 25. april kl. 14.00: FITJAR – TRIO, Fitjar Idrettspark
Fredag 8. mai kl. 19.00: FRØYA – FITJAR, Frøya Idrettspark
Torsdag 14. mai kl. 16.00 FITJAR – SUND, Fitjar Idrettspark
Fredag 22. mai kl. 19.15 NORDRE FJELL – FITJAR, Ågotnes kunstgras
Laurdag 30. mai kl. 15.00 FITJAR – NORDHORDLAND, Fitjar Idrettspark
Fredag 5. juni kl. 18.30 NHH – FITJAR Krohnsminde kunstgras
Laurdag 13. juni kl. 15.00 FITJAR – GNEIST, Fitjar Idrettspark
Søndag 21. juni kl. 16.00 FITJAR – STORD FOTBALL 2, Fitjar Idrettspark
Fredag 26. juni kl. 18.30 BREMNES – FITJAR, Olvondo Stadion
Laurdag 8. august kl. 15.00 SOLID- FITJAR, Nysæter kunstgras
Laurdag 15. august kl. 15.00 FITJAR – TELAVÅG, Fitjar Idrettspark
Laurdag 22. august kl 15.00 TRIO – FITJAR Husnes Stadion
Fredag 28. august kl.19.00 FITJAR – FRØYA, Fitjar Idrettspark
Laurdag 5. september kl. 15.00 SUND – FITJAR Hald Stadion gras
Laurdag 12. september kl. 15.00 FITJAR – NORDRE FJELL, Fitjar Idrettspark
Laurdag 19. september kl. 15.00 NORDHORDLAND – FITJAR, Knarvik gras
Laurdag 26. september kl. 15.00 FITJAR – NHH, Fitjar Idrettspark
Fredag 2. oktober kl. 18.30 GNEIST – FITJAR, Liland kunstgras 1
Søndag 11. oktober kl. 15.00 STORD FOTBALL 2 – FITJAR, Stord stadion
Laurdag 17. oktober kl. 15.00 FITJAR – BREMNES, Fitjar Idrettspark