Rundt hundre fekk med seg julekonserten med Fitjar Skulekorps og Fitjar Barnegospel torsdag kveld.

Konferansier Marianne Heggholmen Aarbø ønskte velkommen til ein konsert der gleda skulle stå meir i fokus enn dei musiklaske prestasjonane. Og me som var så heldige å finna vegen til Kultursalen i kveld, opplevde både glede og gode musikalske prestasjonar.

Skulekorpset under taktstokken til Svein Roger Koppang sette stemninga med «Joy to the world». Så fekk me det eine høgdepunktet etter det andre. Ikkje minst var vokalsoloane stemningsfulle. Silje Rydland med «Home for Christmas» og Ingvild Prestbø med «Nordnorsk julesalme», av Trygve Hoff. Begge med flygelakkompagnement av Guro Rimmereid.

Også barnegospelkoret er velsigna med solistar som strålar på ein scene. Koret let seg ikkje merka av at ein av musikarane sat fast i Bømlafjordtunnelen, og gledde publikum med den eine julesongen etter den andre.

Julekonserten blei avslutta av at skulekorpset, barnegospelkoret og publikum framførte «Deilig er jorden» i lag. Ei storslått avslutning på ein stemningsfull førjulskveld. Gleda over songen og musikken gav oss noko anna å tenkja på enn stormen som rasa ute. Og stemning å ta med heim i ei travel førjulstid.