– Ei av dei viktigaste sakene for oss er nok jordvern, at jorda ikkje vert bygd vidare ned, seier listetoppen til Senterpartiet i Fitjar, Lars Ove Rimmereid, til fitjarposten.no.

Rimmereid har såleis ikkje noko problem med utbygginga på Rossneset i det han meiner at denne utbygginga vil minske presset på utbygging i sentrum. – I tillegg er partiet mellom anna oppteke av at me skal ha god helseomsorg og god skule- og kultursatsing.

– Men eg må understreka at me enno ikkje er ferdig med programmet vårt for neste valperiode, seier Lars Ove Rimmereid til slutt. Ordførarkandidat vil han derimot ikkje vera. Den jobben overlet han til andre.