Turid Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Lesarbrev: Dersom eit dekar dyrka mark vert bygd ned vil Fitjar KrF at det skal dyrkast opp to nye. 

Av: Turid Fitjar, Fitjar KrF

Norske matjordressursar er svært avgrensa. Berre rundt 3% av Noregs landareal er dyrka. Det svarar til kring 2 dekar til kvar av oss. Nasjonalt har me bygd ned store areal til industri, bustad og veg. Frå 2020 har Regjeringa eit jordvernmål om at maks 4000 dekar dyrka jord skal omdisponerast, ei halvering av det arealet som kvart år vart omdisponert frå 2004-2015. Dette er eit steg i rett retning, men i ei verd der nesten 1 milliard menneske svelt, må me prioritera areala våre på ein meir berekraftig måte.  

Fitjar er eit norrønt ord som beskriv ei frodig eng nær vatn. Her har menneske budd og dyrka mat i fleire tusen år. Den beste matjorda ligg ofte der folk bur, i bygder, tettstader og byar. Historisk busette folk seg der det var gode forhold for å dyrka dagleg brød. I dag er det denne jorda som er mest truga av nedbygging. Eit dekar god jordbruksjord kan produsera kveite til 1000 brød i året. 

Jordbruksareala i Fitjar vert i styrst grad nytta til å produsera gras. Det er vist i forsøk at enga bind CO2 frå atmosfæren til jorda ved at daudt organisk materiale (stort sett daude røter frå graset) hopar seg opp. Slik vert den svarte matjorda vår er eit karbonlager. Ved å halda landskapet ope bidreg jordbruksareal til høgare refleksjon av stråling (frå sola) enn andre areal, og bidreg slik til lågare temperaturauke. 

Ingen veit heilt korleis klimaendringane vil råka verdas matproduksjon, men på Fitjar kan me truleg både bu og dyrka mat i framtida. Globalt kan me få mykje større utfordringar, i ei tørrare og varmare verd. Dette gir oss på Fitjar, og i Noreg, eit globalt ansvar for å nytta den jorda me har til å dyrka så mykje mat me kan når jordbruksareal andre stader i verda ikkje kan produsera mat lenger. 

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydda fattigdom, nedkjempa ulikskap og stoppa klimaendringane innan 2030. Mål nr. 2 er å utrydda svolt og mål nr. 13 er å stoppa klimaendringane. Eg meiner ein streng jordvernpolitikk i Fitjar er eit bidrag for å nå begge desse måla. 

I Fitjar har me no høve til å syna oss som ein sterk jordvernkommune. I neste kommunestyre skal saka om lokalisering av ny brannstasjon opp, der to av tre forslag til plassering av brannstasjon i Fitjar sentrum er på matjord. Eg meiner valet er enkelt; bygg brannstasjonen vis a vis Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Dette er det beste alternativet for tryggleik, mattryggleik og miljø. 

Seinare i år skal det lagast ny reguleringsplan for Fitjar sentrum. Her ynskjer Fitjar KrF ein «ta ein, betal for to»-politikk som går ut på at for kvart dekar dyrka jord som vert omdisponert skal det dyrkast opp to nye. Slik syner me at dyrka jord har høg verdi. 

Fitjar KrF vil ta matproduksjon, klimaendringar og FN sine berekraftsmål på alvor.