Ungdom på jonsokfeiring i Longøyo. Foto: Privat.

I det fine sommarvêret i går kveld feira vener av Longøyo for tredje gong jonsok på øya som Friluftsrådet Vest kjøpte i 2015.

– Vêret var perfekt for jonsok i Fitjarøyane med ein fin bris som heldt «smikko» vekke, fortel Bård Inge Bø i Venelaget for Longøyo.

Som venta blei ikkje samkoma heilt fri for konkurransar; det må ein rekna med når idrettsfolk samlast på denne måten.

Den skarpaste konkurransen denne gongen var steinplukking på den nye bakken nordom huset, som Engevik & Tislevoll har laga så fint til. Premien var brus sponsa av Venelaget for Longøyo.

– Ivrige barne- og vaksne hender fekk vekk nokre tusen småstein i løpet av ei kjapp økt, fortel ein nøgd Bård Inge Bø.

Steinkastingskonkurransen litt etter sørgde for at nokre småstein til hamna nedi fjøra. Bålet brann fort og effektivt, og alle var einige om at denne tradisjonen vil dei halda fram med.

Myrulla blømer fint i Fitjarøyane i desse dagar. Foto: Privat.