Nærbutikken på Rydland, Joker, har denne veka markert at dei er 10 år med ymse konkurransar og andre festlegheiter.

Dagleg leiar Magne Skumsnes fortel til Fitjarposten.no at omsetjinga har vore stigande mest kvart einaste år, og både lokalbefolkninga og forbikøyrande er med på å halda butikken oppe. Vareutvalet har vore stort sett det same heile tida, men noko utvida etter at butikken gjekk i frå Nærmat til Joker. -Men me har da meste folk treng av daglegvarer, understrekar Skumsnes som hausta mykje vellæte om butikken den siste veka.

Det var elles fleire  tippekonkurransar, spørjekonkurransar og konkurransar om kvar forskjellige bilete i frå bygda var tekne. Hovudgevinstane vart trekte mellom dei som hadde vore innom butikken den siste veka. -Førstegevinsten,eit gåvekort på 2000 kroner, vart vunne av Knut Alsaker. Gåvekort på 1000 kroner var det Wenche Tislevoll som vann og tredjeprisen, eit gåvekort på 500 kroner, gjekk til Lovise Bod, fortel Magne Skumsnes, nettopp heimkomen etter ein 24 km lang løpetur, då me fekk han i tale.

-Eg har meld meg på Stockholm maraton i juni, så eg må begynne å trena no, smiler han til slutt. Me ønskjer han lukke til med det, og gratulerer med jubileet.

- Annonse -