Administrasjonsutvalet i Fitjar kommune vedtok i går å tilsetja John Karsten Raunholm som ny skulesjef i Fitjar. John Karsten Raunholm er dermed den andre fitjarbuen som vert tilsett som skulesjef her i bygda. Den første var Bente Eide.

– Både du og Bente kjem frå Stranda. Har du nokre tankar om det?

– Ja, kanskje Stranda er ein god rugekasse for skulesjefar, ler Raunholm før han seriøst legg til at akkurat det nok er heilt tilfeldig.

Når John Karsten Raunholm søkte skulesjefstillinga i Fitjar etter 26 år i Stord-skulen, heng det saman med at utlysinga passa svært godt med kompetansen, tankane og erfaringane han har tileigna seg som lærar og rektor.

– Eg gler meg skikkeleg til å ta fatt på Fitjar. Eg opplever at eg no er komen til ein milepæl, og etter å ha vore igjennom ein prosess på dette, trur eg dette er eit fornuftig val for meg å gjera no. Så eg vonar at eg kan vere med å å vidareutvikle både barnehage og skule på ein god måte, seier han til fitjarposten.no.

– Kva tankar har du om utviklinga i skulen?

John Karsten treng ikkje lang tid til å svare. Dette er spørsmål han stadig jobbar med.

– Eg er oppteken av elevaktive arbeidsmetodar som gjev tydeleg meining for elevane – og slik kan motivere dei. I tillegg er eg oppteken av basiskunnskapane. Ikkje minst lesing. God lesedugleik er grunnlaget for at ein skal kunne ta til seg læring. Eg er difor ikkje redd for terping på basiskunnskapar, men det må gjerast på ein klok måte, slik at me møter elevane der dei er i dag. Og det må balanserast slik at elevane ikkje går leie, seier han.

Raunholm er vidare oppteken av eit godt, kompetent personale som er gode på kommunikasjon og som samstundes ser den einskilde eleven. Vidare at dei har evne til å gjere kvarandre gode ved å setje fokus som: – Kva gjer me? – Kva er bra? Og: – Kva kan me gjere betre.

John Karsten tek over stillinga 1. august etter Edvin Aase, som pensjonerer seg etter inneverande skuleår.