Johannes Sandvik Bø i grønt midt på biletet. Foto: Privat.

I kveld har Johannes Sandvik Bø vore i Indre Arna og vunne 1500 meter i suveren stil, ein distanse han ikkje har så mykje erfaring med.

Som kjent er den lettbeinte fitjarguten med anar i Færøysund og på Sunnmøre den beste 800-meterløparen i Noreg i sin årsklasse. Men i kveld imponerte han like mykje på 1500 meter, som han vann soleklart på ny personleg rekord.

Med tida 4,28 sette Johannes ny pers med rundt ni sekund, og vann heatet sitt klart. Det blei eit sololøp heile vegen, og trenar Bård Inge Bø reknar med at han har nokre sekund å gå på i sterkare selskap.

– For dei siste 150 metrane gjekk voldsomt unna! fortel trenaren.

Med kveldens resultat i Asko-leikane i Indre Arna er Johannes Sandvik Bø på 5.-plass i landet på 1500 meter. Nokre råtassar som har sprunge bra, seier Bård Inge Bø, men Johannes er ikkje langt bak 3.-plassen.