Johannes Sandvik Bø - best i Noreg i sin årsklasse. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Under Nornalekene i Leikvanghallen denne helga sette Johannes Sandvik Bø ny årsbeste på 800 meter i 14-årsklassen, samstundes som både Marius Pedersen og Marius Torbjørnsen vann fleire øvingar med sterke resultat.

Som vanleg når friidrettsungdommane frå Fitjar stiller til start, har dei markert seg på beste måte unde Nornalekene i Leikvanghallen denne helga. Johannes Sandvik Bø stadfesta sin posisjon som landets beste mellomdistanseløpar i 14-årsklassen på 800-meter.

Under gårsdagene 800 meter tok Noregs-einar dei siste to åra Sigve Lillebø frå Ask føringa frå start, med Johannes rett bak. Etter 600 meter auka Lillebø farten i kjent stil, og dei fleste trudde at den knallsterke avslutninga hans nok ein gong skulle knekke all motstand. Men Johannes hang på, og med 60 meter igjen kosta Johannes forbi og parkerte Lillebø. Tida til Johannes vart 2.13,49. Lillebø kom inn på 2.14,3. Nummer tre fekk 2.27,8. For Johannes sin del er dette pers med heile ni sekund.

Vidare viste Marius Torbjørnsen at han er blant toppane i høgde i regionen. 1,75 i høgde er tangering av persen, og viser at Fitjars klart beste høgdehoppar er i ferd med å stabilisera seg på dette nivået. Marius vann sin klasse.

Marius Pedersen (13) klinka til med nok ein pers på gårsdagens 200 meter. Den fine tida 27,78 heldt til ein flott andreplass i sterk konkurranse. Same plassering fekk Marius i høgde, der 1,39 (litt bak pers) var prega av litt «rusk» i tilløpet. Søndag sette Marius ny pers i lengde, då han vann øvinga med 4,93 meter.

Tori Torbjørnsen viser stadig meir slepen hekketeknikk, og sprinta inn til andreplass på 60 meter hekk. I høgde flytta ho persen opp til fine 1,08 meter. Bjart Sandvik Bø (13) tangerte persen sin i høgde med tilløp med 1,30 meter.

Med gårsdagens løp på 800 meter flytta Johannes Fitjar-rekorden på distansen frå 2.20,53 sett av Ole Martin Waage på Fana stadion 05.09.1993, til altså noverande 2.13,49. Han har likevel eit stykke opp til ein del av «gamlegutta» i Fitjar på 800 meter:

Håkon Vestbøstad (fødd 1961) 1.58,7 (1980)
Jarle Henriksen (1957) 2.00,4 (1975)
Aksel Severin Haukanes (46) 2.00,8 (1963)
Harald Sverre Breivik (1949) 2.02,7 (..)
Olav Kvernenes (1946) 2.04,5 (..)
Steinar Tveita (1942) 2.06,5 (..)
Kjell Magnar Helland (1960) 2.08,2 (1989)
Per Gunnar Bukkholm (61) 2.08,7 (1983)
Jakob Bjørlykke (1937) 2.09,1 (..)
Olav Kvernenes (1946) 2.10,6 (66)
Lars Kloster (1949) 2.12,0 (1965)
Lars K. Vik (1932) 2.13,0 (1960)