Oppvarming for lysegrøne lyn før fredagens testløp. Foto: Privat.

Johannes Sandvik Bø og Marius Pedersen leverte fredag kveld testløp over 800 meter som er heilt i norgestoppen i årsklassane dei stiller i.

Trass i mangel på offisielle stemne har dei lovande friidrettsungdommane i Fitjar halde treninga svært godt ved like. Dette viste dei eit nytt prov på under fine forhold fredag kveld, då dei sprang 800 meter på heimebanen Fitjar Idrettspark.

Johannes Sandvik kom først i mål, på tida 2.10,76, som er ny personleg rekord med 2,5 sekund. Tida er årsbeste i landet, både innandørs og utandørs, og gir skyhøge 968 poeng etter Tyrvingtabellen for 14-åringar.

Marius Pedesen viste at han òg er i ferd med å få tak på 800-meteren, og sette ny pers med 8-9 sekund. Tida 2.18,82 held til tredjeplass på årets liste for 13-åringar. Tyrvingtabell for 13-åringar finst ikkje på denne distansen, men friidrettstrenar Bård Inge Bø meiner tida kan estimerast til mellom 910 og 930 poeng.

Dei to løpsfantoma ser altså ut til å vera i kanonform. Diverre er det ikkje så lett å få matcha seg mot andre lettbeinte gutar, då koronaen har øydelagt konkurransesesongen så langt. Men 15. august er det stemne i Haugesund, og då bør det by seg eit høve til å visa seg fram for konkurrentar og publikum, meiner friidrettstrenar Bård Inge Bø.