Johannes Sandvik Bø med aldersrekord for Fitjar Idrettslag i dag. Foto: FP-arkiv.

Under Framolekene på Fana Stadion hevda både Johannes Sandvik Bø og Marius Torbjørnsen seg blant dei beste i klassane sine.

Johannes sprang inn inn til Fitjar-aldersrekord på 800 for gutar 13 år. I debutløpet sitt på distansen fekk Johannes tida 2.24,88, som er 22 hundredelar betre enn tida Arnar Bjordal oppnådde på same stadion for snart 26 år sidan. Johannes fekk andreplass i løpet, bak den suverene noregseinaren på distansen, Sigve Lillebø frå Askøy.

På 200 meter fekk Johannes tida 28,26, som er pers med seks tidelar. Det heldt til femteplass.

Marius Torbjørnsen (16) vann tresteg, noko bak den personlege rekorden på 11,07 meter, etter at tilløpet ikkje stemte heilt.

Vår mann på indre bane, Bård Inge bø, legg til at Ingrid Ingebrigtsen, 13 år og søster til tre kjende brør frå Sandnes, sprang i heatet før Johannes. Ho fekk tida 2.27, så denne gongen var Fitjar raskare enn Gjert Ingebrigtsen, som også stod ringside!

- Annonse -