Den svært kjende tysnes-forfattaren Johannes Heggland er død, 88 år gamal.

Heggland døydde i går etter ei tid med mykje sjukdom.

I tillegg til sin enorme bokproduksjon, der svært mange av bøkene hans har henta miljø og historie frå Sunnhordlandsbygdene, var Heggland kjend for sine mange historiske spel.

Han er mellom anna forfattar både til Mostraspelet, og Håkonarspela, inkludert "Kongen med gullhjelmen", som vert framført her i Fitjar.