I tysdagens aadlandske femkamp vann Johannes Aadland føre Bård Inge Bø.

Dei to var i ein klasse for seg i denne klassikaren av ein konkurranse i Fitjar Idrettspark. Tidlegare har Bård Inge Bø stukke av med sigeren, men litt for dårleg resultat i kule, gjorde at han måtte sjå Johannes Aadland vinna samanlagt.

Johannes imponerte stort på 60 meter, og la grunnlaget for samanlagtsigeren med den knallsterke tida 7,31. Men elles fekk me oppleva fleire gode resultat av dei fire topptrimma deltakarane i årets aadlandske femkamp:

Resultatliste:                    Lengde   60 meter   Kule    Spyd   3000 meter
1. Johannes Aadland            2,86      7,31       13,18     32,50  10,53
2. Bård Inge Bø                    2,71      8,09       13,00     33,70  10,24
3. André Olsen Aadland        2,37     15,47      11,88    35,20  13,27
4. Jo Sølve Aadland Dalane   2,41     8,34       7,83     14,25  13,44