Fitjarbuen Johannes Aadland er ein av tre i bandet Askeladden. Laurdag 4. oktober skal dei ha CD-slepp på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

– Me snakkar om å ha ein festkonsert og release på Litle Færøy. Det er ein unik stad som altså er kjend ifrå TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», seier Johannes til fitjarposten.no.

– Vi ville ikkje å ha ein vanleg release på klubb i byen, men i staden gjere noko spesielt som lagar oppmerksomheit både for bandet og for bygda, seier bandkollega, Torstein Mongstad, i ei pressemelding.

Askeladden
vart forma i 2011 og består av Johannes Aadland (vokal og piano), og Torstein Mongstad (bass) og Simon Kleppe Røskeland (trommer). Dei har sidan starten reist land og strand for å glede publikum med god norsk musikk. Reisa har så vidt begynt, og dei har blitt spådd som arvtakarar etter Vamp og Trang fødsel.

Les meir på heimesida deira: www.askeladdenband.com

Ingressbilete: Askeladden. Johannes Aadland i midten.