Ti fitjardamer jobbar jamleg dugnad for «Gjenbruken» og trivst svært godt med det.

Me snakkar om Misjonssambandet si gjenbruksbutikk i Sagvåg, og dei ti damene er: Solveig Helland, Nora Helland, Sølvi Aarbø, Torunn Johansen, Ellen Helland, Aud Vedøy, Brita Skumsnes, Turid Sandvik, Sigfrid Skumsnes og Gerd Skumsnes.

Det fleste av dei har vore med frå starten av for rundt fem år sidan, men dei har noko forskjellig «turnus». Frå ein til to dagar i veka, eller sjeldnare, men jamt jobbar dei alle. Nokon jobbar mest i butikken, andre mest på lageret, men nokon gjer begge delar. Og så lagar dei kaffi og vaflar og tek ein prat over desse godsakene med folk kjem innom. Eit koseleg lite bord med stolar rundt er sett av til det.

Meiningsfull teneste for misjonen
– Kvifor gjer de dette, veke etter veke utan betaling?

– Det er kjekt, det er meiningsfylt, me kjem i kontakt med svært mange kjekke folk – og så er det ei god misjonsteneste, er nokre av svara me fekk.

Det er ikkje vanskeleg å dokumentere det siste. Butikken har ein årleg omsetnad på mellom ein og to millionar. Eit rekordår så langt var 2012 då dei var oppe i 1,8 millionar kroner. Og så er det jo slik at det aller meste av dette går rett til misjonskassa. For ikkje skal damene ha løn og ikkje er det innkjøpsutgifter – alt har dei fått frå gåvmilde folk i distriktet. – Folk er rause. Me får svært ofte skikkeleg verdfulle ting, seier bømlingen Asbjørn Knutsen, som saman med ein annan bømling, Inga Røksund Gundersen, var initiativtakar til det heile.

Då butikken opna i Sagvåg i mars 2009, etter at ein hadde vore på leiting etter lokale i eit halvt år, hadde dei rundt 450 kvadratmeter til rådvelde. No er arealet nesten dobla til 720 m2. Og det er mest utruleg kva ein finn i denne butikken.

Mykje spennande
Me både ser, og får vite, at her kan du finne mykje som ikkje lenger er å få i andre butikkar i dag. Ting som er gått ut av handelen. Til dømes gamle tallerkenar, kanskje med eit spesielt mønster. Det er godt mogeleg at du finn akkurat det du manglar her.

I tillegg til koppar og kar, finn du eit kjempeutval i ting og tang, kle, bøker og møblar. Og det er skikkelege ting.

– Men tek imot det meste, men har som eit krav at det som skal leverast må vere heilt og reint, utan hol eller hakk og skår – avhengig av kva for ting me snakkar om, seier damene.

Likevel må dei sortere mykje. Ein del går til Fretex, men noko må òg gå vidare til bosplassen. – Det er dyrt. Me, som firma, må betale kg-pris for boset. Så om folk sorterer litt strengt før dei leverer, er me takksame for det.

«Den gamle godbiten»
– Kva går det mest av?

– I starten gjekk det mykje på små bord, elles går det jamt på gamle ting, godbitar som ein berre finn her. – Og sjølvsagt både ting og tang og møblar. Naturleg nok er det møblane som gjev mest i kassen, let det.

– Og så har me biblar på ei rekkje språk frå amharisk via arabisk til engelsk. Dei gjev me bort gratis til den som vi ha, legg damene til.

Juleartiklar og gåvekort
Visste du at Gjenbruken sel gåvekort?

Det går faktisk an å tenkje julepresang samstundes som ein tenkjer gjenbruk.

– I tillegg til at du kan finne den heilt spesielle tingen her, sel me òg nyare artiklar, får me vite.

No om dagen er det òg mange juleting til sals. Både juledukar, løparar og julefigurar av ymse slag.

Det kan altså vere vel verdt å ta turen innom – og kanskje finne juleting som ingen andre har. Truleg møter du då ei av fitjardamene som slett ikkje kvir seg for mila dei køyrer fram og tilbake, veke etter veke, for å jobba gratis i denne butikken som har både miljø og misjon i tankane.

– Fitjardamene er berre utruleg trufaste og flinke. Eg er berre skikkelg imponert over dei, seier Arne Knutsen, ein av butikksjefane. Dei andre to er Inga Røksund Gundersen og, ei av fitjardamene, Aud Vedøy.

Nye svært velkomne
Om det er mange som jobbar i Gjenbruken, vil nye bli mottekne med opne armar, både i butikken – og på dugnadskveldar som dei har veke.

– Me har det skikkeleg kjekt her, så velkomen på laget, smiler fitjardamene, til slutt.

Ingressbilete: F.v. Solveig Helland, Sølvi Aarbø, Turid Sandvik, Nora Helland, Aud Vedøy, Torunn Johansen og Ellen Helland, Brita Skumsnes, Sigfrid Skumsnes og Gerd Skumsnes var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Håkon C. Hartvedt