Nur Aleeya Fariza, Nelly og Isabel fristar med nysteikte vaflar. Foto: Ingrid Hovstad

– Det er kjekt å vera med å hjelpa andre ungdomar.

Du har sikkert sett dei, elevane i sving rundt om hos verksemder i dag. I full sving med Operasjon dagsverk, Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom.

Elevane i 8. og 9.klasse ved Rimbareid skule er blant dei mange skulane i Noreg som er med på aksjonen, og me har snakka med nokre av dei.

På Spar Fitjar treff me Helena Solli, Lovise Rimmereid, Marius Kongestøl Vik og Julian Helland. Dei er 4 av 6 elevar som jobbar på butikken i dag.

– Me setter på plass varer, og skal jobba like lenge som ein skuledag, fortel Solli.

Elevane fortel at det var lett å få seg jobb, men at det lønnar seg å vera tidleg ute.

– Eg spurte om eg kunne jobba her med ein gong me fekk veta når OD-dagen skulle vera, fortel Helland, og fortel vidare.

– I fjor var eg hos Engevik og Tislevoll, difor var det kjekt å jobba hos nokon andre i år.

– I tillegg får me god mat her, skyt Kongestøl Vik inn, som er på sin første OD-dag.

– Eg spurte først på Rema 1000, men det var fullt. So difor fekk eg jobb her med Helena. Ho jobba her i fjor ogso, fortel Rimmereid.

F.v. Lovise Rimmereid, Marius Kongestøl Vik, Julian Helland og Helena Solli. Foto: Ingrid Hovstad

Farleg gruvearbeid

Elevane tykkjer det er kjekt å få delta på OD-dagen, og hjelpa ungdom i andre land.

– Årets prosjekt skal hjelpa ungdom som jobbar i gruver i Kongo. Mange av ungdommane jobbar i gruvene fordi dei ikkje har pengar til skule, og arbeidet er farleg, fortel elevane.

Ikkje alle vel tradisjonelle jobbar for å tena pengar på OD-dagen. Borti gangen treff me tre jenter som sel kaka og vaflar for å tena pengar.

– Eg gjorde dette i fjor ogso. Det kan vera litt vanskeleg å få kundar, men me håpar på å samla inn ein del pengar, fortel Nelly, til nikk frå dei andre to.