I tre månader jobba polske Pjotr Josefczyk jobba utan betaling ved Fitjar bu- og behandlingssenter – for å læra norsk.

– Kona mi, Paulina, kom til Fitjar for eitt og eit halvt år sidan. Eg sjølv kom eit halvt år etter. Ho fekk jobb her ved Fitjar bu- og behandlingssenter, og for å læra å praktisere det norske språket, tilbaud eg meg å jobba same staden utan betaling ei tid, smiler Pjotr, som i daglegtale går for Peter mellom dei tilsette ved heimen, som er skikkeleg imponerte over polakken.

No er han ferievikar der med løn, men eigentleg er han datateknikar.

På spørsmål om korleis det har seg at dei kom til Fitjar fortel han at då kona gjekk på norsk-kurs i Polen, høyrde ho om Fitjar der. Og etter at dei har budd her ei tid, kan dei godt tenkja seg å etablera seg i bygda.

– Då hadde det vore fint med ein jobb der eg kan arbeida med det eg er utdanna til, vonar polske Peter, til slutt.

 

testosteron aufbauen