Fotballjentene til Fitjar IL i 14-årsklassen vann puljen sin i haust, og i november skal dei spela om kretsmeisterskapen.

Både jentene og gutane deltok i Ål Cup i august, og begge laga fekk eit løft under den kjekke cupen i Hallingdal.

I haust har jentene gått heilt til topps i puljen sin, etter berre eitt tap og éin uavgjort kamp. Den siste seriekampen, mot botnlaget Halsnøy, var terminfesta til i går, men blei avvikla i førre veke. Etter scoring av Ailin Vik blei det 1-0-siger, og dermed var puljesigeren klar.

Dermed kunne trenarane Karsten Vestbøstad og Terje Nordbustad reisa heim i triumf i lag med ein flokk stolte jenter. Ingen kunne ta att dei spreke Fitjar-jentene.

Tabellen for Jenter 14 år 1. divisjon avdeling 02 – Hordaland Fotballkrets – kan du lesa her.

Dermed er ikkje sesongen heilt over – det blir to kampar til. I november skal Fitjar-jentene møta dei to andre puljevinnarane for å kåra årets kretsmeister. Me gratulerer med puljesigeren og ønskjer lukke til i kampen om meir heider og ære.

Ingressbilete: 14-årslaget som vann puljen sin. Frå venstre: Victoria Nordbustad, Frida Alfsvåg Traa, Vilde Vestbøstad, Frida Hatlevik Kjerland, Zandra van Bree, Malene Solli, Marte Rimmereid, Kari Fitjar, Amalie Henriksen, Ailin Vik, Katrine Lillenes Torland, Malin Tislevoll, Hanna Oline Stokken, Mathilde Bukkøy Rydland, Eli Inntveit. Foto: Privat.