Jentene i 14-årsklassen tapte den første kampen om KM-tittelen med 1-2 for Mathopen/Vadmyra laurdag ettermiddag.

Pausen i årets vintercup skapte ei fin ramme rundt kampen for dei tapre Fitjar-jentene då dei tok imot gjestene frå Bergen vest. Kampen om kretsmeistertittelen går over tre enkeltkampar, og førre helg vann Bønes 6-3 over dagens motstandar, Mathopen/Vadmyra.

Fitjar-jentene kom godt i gang, og spela lenge jamt mot bergensarane. Det var likevel ikkje ufortent at gjestene kunne gå opp til 1-0 etter 22 minutts spel. Men scoringa kom frå langt hold og var litt heldig, og ditto uheldig for Fitjar. Gjestene hadde dei fleste sjansane, men skota kom oftast frå langt hald, og det var sjeldan farleg framfor målet til Fitjar-keeper Eli Inntveit. Dermed gjekk laga til pause med 1-0 til Mathopen/Vadmyra.

Fem minutt ut i andre omgang, gjekk gjestene opp til 2-0 etter ein stygg miss i Fitjar-forsvaret. Men heimelaget kjempa godt mot eit av dei beste laga i Bergen. Og etter 25 minutts spel slo Malin Tislevoll ballen over gjestenes keeper og i mål. Oppglødde av reduseringa avslutta Fitjar sterkt. Dei kom til fleire målsjansar, blant anna ei fin avslutning ved dagens beste Fitjar-spelar, Frida Hatlevik Kjerland.

Men med 2-1 til Mathopen/Kjerland ebba kampen ut. Dermed ligg alt til rette for at Bønes stikk av med kretsmeistertittelen i klassen J14. Fitjar må vinna kampen mot Bønes i Vestlandshallen neste laurdag med 3-0 for å bli kretsmeister, etter det me kan forstå. Ein må vera meir enn god i hovudrekning for å finna ut korleis KM-tittelen kan gå til Mathopen/Vadmyra-jentene, som jubla over siger i dag. Toget er nok gått for dei.

Me har altså eit ørlite håp framleis om at Fitjar kan bli kretsmeister, sjølv etter dagens tap. Tabellen for sluttspelet kan du lesa her.

Fitjar sitt lag i KM-kampen:
Eli Inntveit, Marthilde Bukkøy Rydland, Kari Fitjar, Marte Rimmereid, Hanna Oline Stokken, Zandra van Bree, Malene Solli, Vilde Vestbøtad, Malin Tislevoll, Frida Hatlevik Kjerland, Ailin Vik, Amalie Henrisen, Victoria Nordbustad, Katrine Lillenes Torland, Frida Afsvåg Traa.

Ingressbilete: Frida Hatlevik Kjerland, med ballen, var blant dei beste på banen. I bakgrunnen Malin Tislevoll, målscorar for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

 

anabolisant vente