Fitjar-jentene i 14-årsklassen tapte heime mot Eidsvåg i dag, og er ute av kampen om kretsmeisterskapen.

Jentene har hatt ein strålande sesong, og scora 100 mål i løpet av hausten. I dagens kamp om KM-tittelen i 2. divisjon Hordaland såg det lenge lyst ut for dei spreke Fitjar-jentene. Dei tok tak i kampen mot Eidsvåg frå start av, og det var heilt fortent at dei gjekk opp til leiing 1-0 ved Frida Hatlevik Kjerland etter vel 10 minutts spel. Eidsvåg-keeperen måtte langt ut og klarerte framfor kjappe Fitjar-angriparar, men ballen hamna ute i returrommet, der Frida fekk tak i ballen og la den elegant i mål frå langt hald.

Eidsvåg utlikna litt seinare på eit sjølvmål. Då Tone Brakedal la på til 2-1 på mot slutten av første omgang, såg det likevel ut til å gå Fitjar sin veg. Men i byrjinga av andre omgang utlikna gjestene frå Eidsvåg igjen, og begynte etter kvart å få meir tru på det. På slutten av kampen fekk dei to nye mål, det siste av dei var eit nytt sjølvmål.

Dermed kunne gjestene jubla over siger, og sjansen til å kjempa vidare om KM-tittelen. Medan Fitjar-jentene måtte tusla skuffa i garderoben. Dette var dagen dei ikkje hadde marginane med seg, og dagens Fitjar-trenar, Trond Henriksen, nøler ikkje med å seia at dei hadde god grunn til å vera skuffa. – Det beste laget tapte i dag, seier Trond.

Men alt i alt har Fitjar-fotballen hatt ein strålande sesong. I morgon treng A-laget ein storsiger mot Norheimsund for å bli kretsmeister. Den som møter på kunstgraset kl. 16.00 i morgon ettermiddag får sjå. Og laurdag om to veker skal 13-årsjentene til Vestlandshallen i Bergen og kjempa om kretsmeisterskap i sin klasse. Måtte i det minste bli eitt KM-diplom hamna i Fitjar i år.