Jenteforeningen (tidl. s-klubben) som held til på Fitjar bedehus, skulle starta opp måndag 17. januar, men må utsette oppstarten til måndag 31/1.

Vårsemesteret for jenteforeningen skulle etter programmet starte opp måndag 17. januar. No viser det seg at det ikkje let seg gjera. Dermed vert det ikkje møte førstkomande måndag som planlagt. Oppstarten må utsetjast til måndag 31. januar. Leiarane håper med denne informasjonen å nå dei som plar møte på foreningen og ønskjer alle velkommen 31. januar. Sjå info om møtedatoar.