Inn mot mål etter søndagens sprint, Jens Øien Kloster til venstre. Foto: Privat.

Vår mann i o-løypene, Jens Øien Kloster, har vore på O-landsleiren og Hovudløpet i Kristiansand denne helga, og markert seg bra i den sterke konkurransen. 

Saman med ein fyldig kontingent med o-løparar frå Hordaland orienteringskrets reiste vår mann i o-løypene, Jens Øien Kloster, til Kristiansand på fredag. Her møttest rundt 400 lovande ungdommar til det som er årets høgdepunkt for O-løparar i alderen 14–16 år. Som så ofte før, var Jens Øien Kloster den einaste frå Fitjar som deltok, men han har hatt det bra, fortel han til Fitjarposten.

Hovudløpet langdistanse gjekk av stabelen i Voie fredag. Jens seier seg rimeleg fornøgd med løpet, der han blei nummer 34 av 79 startande i klassen H16. Han hadde ingen store bom, fortel han, men enkelte vegval som ikkje var dei raskaste. Han hadde likevel god kontroll i den tøffe løypa på 4,6 km, og plasseringa er bra i dette selskapet.

I laurdagens korte løype på Lund måtte Jens nøya seg med ein 62.-plass blant dei 82 som stilte til start. Heller ikkje her hadde han bom, men han tapte litt for mykje på for lange vegval. Konkurransen var svært jamn, og dette sende han nedover på resultatlista. Løypa starta ganske snilt, fortel Jens, og med enkel orientering. Men det blei vanskelegare etter at han hadde vore på posten som låg inne på sjølve arenaen.

– Etter passering her blei det mykje å halda styr på, så hovudet datt litt ut, og det blei nokre litt lengre val enn det kunne ha blitt, seier Jens til Fitjarposten.

Men han legg til at elles var han fornøgd med innsatsen i dei sørlandske o-løypene.

Jens Øien Kloster t.v. inn mot mål etter laurdagens langdistanse.
- Annonse -