Torsdag 24. februar er det ny temakveld i Fitjar Kyrkje. Denne gangen er det Jazzmesse etter tradisjon fra Sjømannskyrkja. Alverflaten jazzband og sokneprest Olav Oma deltek i gudstenesta.

Alverflaten Jazzband starta i 1988 med utspring i Alverflaten Musikklag. Dei spelar dixieland/tradjazz og bandmedlemmene kjem fra Nordhordland. I 2007 gav dei også ut CD-en «On the sunny side». Dei har også delteke på Strilajazz og Sildajazz.

– Me ser fram til ei svingande jazzmesse og ønskjer alle hjarteleg velkommen, skriv Eli Simonsen Temakveldgruppa, og legg til at det òg vert servering av kaffi og vaflar i beste Sjømannsmisjonsstil.