Sunnhordland område av NMS (Det norske misjonsselskap) brukar å ha ein innsamlings-/møteaksjon kvart år på denne tida. I Fitjar vert aksjonen markert på bedehusa i dei ulike krinsane i perioden 27. januar til 17. februar. Prosjektet som får merksemd, og som ein ynskjer å samla inn pengar til i år er "Menighetsbygging og evangelisering i Japan."  Misjonsarbeidet i Japan er annleis enn mange andre stader i verda. Japan er eit høgteknologisk og velfungerande samfunn, der tilbuda på det religiøse torget er mange, det finst svært få kristne, kyrkjene er små, det er stor prestemangel og kyrkjene slit økonomisk. Under aksjonen får me høve til å gje av vår overflod til misjonarbeidet i Japan. Allereie førstkomande søndag, 27. januar, vert det møte på Stranda bedehus kl. 19.30 med tale av Anne Marie Røed. Same dag og klokkeslett vert det møte på Osternes bedehus med tale av sokneprest Olav Johannes Oma. Vidare vert det føremiddagsmøte for folk i alle aldrar på Dåfjord bedehus søndag 3. februar kl. 11.00, og der vert Elisabeth Moldestad med og talar. 10. februar er det møte på Øvrebygda bedehus kl. 19.30, og der vert kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu med og talar og deler frå sine erfaringar frå heimlandet sitt Japan. I Fitjar vert aksjonen avslutta med Song- og misjonsmøte på Fitjar bedehus søndag 17. februar kl. 19.30. Her vert det song av ei damegruppa, ein del allsong frå den nye songboka: "Syng for Herren", tale ved Arne Tislavoll, misjonsinformasjon, og som på alle møta annledning til å gje ei gåve til misjonsarbeidet i Japan.