Vel 50 kunstinteresserte møtte opp i Galleri Losjen i dag for å vera med på opninga av kunstutstillinga til Jan Willy Folgerø-Holm.

Galleri Losjen ser ut til å ha blitt ein populær samlingsstad for kunstinteresserte i Fitjar og nabobygdene våre. Då det drog seg til mot opning av salsutstillinga til Jan Willy Folgerø-Holm laurdag ettermiddag, hadde over 50 skodelystne funne vegen til Losjehuset.

Unge Magnhild Halland frå Stord song og spela piano. Ho er songar/songwriter og har gitt ut sin første CD i år. Med to vakre låtar sette ho stemninga for samværet.


Magnhild Halland får blomar av kultursjef Bente Bjelland for det vakre bidraget til opninga av kunstutstillinga. Foto: Kjetil Rydland.

Ordførar Wenche Tislevoll stod for den offisielle opninga, på sin humoristiske måte. Som vanleg stilte ordføraren vel førebudd, og drog linjene heilt tilbake til Harald Hårfagre og Håkon den Gode si tid. Kunstnaren Jan Willy Folgerø-Holm er som kjent frå Bømlo. – Me i Fitjar har vore knytte til Bømlo heilt frå gamle tider, sa ordføraren, Håkon den Gode var som kjent son til Harald Hårfagre og Tora Mostrastong frå Moster.

Ordføraren gav ein solid presentasjon av kunstnaren, som målar lett abstrakte landskapsbilete i akryl. Jan Willy Folgerø-Holm begynte så smått å måla tidleg på 1980-talet, og blei etter kvart elev av Jan Erik Willgohs i Bergen. No er mannen får Foldrøy blant anna medlem av Bildende Kunstneres Forening Hordaland, og har ei rekkje utstillingar bak seg.

Kunstnaren fortel at han liker godt å nytta akrylmåling. Den er vassbasert og det er lett å måla oppå, seier han. Det er først dei seinare åra han har begynt å bli kjent som målar. – Men eigentleg har eg teikna og måla litt sidan eg var ung, seier han.

Dei som ikkje fekk med seg opninga av utstillinga i dag, har enno sjansen. Utstillinga vil vera open torsdag, fredag, laurdag og søndag kl. 15-18 fram til 1. august.


Ordførar Wenche Tislevoll var som vanleg godt førebudd då ho heldt opningstalen for kunstnar Jan Willy Folgerø-Holm. Foto: Kjetil Rydland.

Ingressfoto: Kunstnaren Jan Willy Folgerø-Holm med målarstykket «Frodig Skog».