Verdsevangelisten Jan Eriksen er tilbake på øya og taler i Fitjartun i morgon. Fredag og laurdag i Sagvåg.

Gangsteren og halliken Jan Eriksen var berykta i underverda både her og der. Men for mange år tilbake møtte han Jesus og fekk eit nytt liv. Deretter vart han verdsevangelist. No reiser han rundt i dei tøffeste fengsla i verda og forkynner den gode bodskapen.

Eriksen har ei sterk historie å fortelje, og mange fekk høyre han sist han var på Fitjar.