2. påskedag kjem Jan Eriksen til Fitjartun saman med Finn Jarle Sæle frå avisa Norge IDAG.

– Sang og musikkrefter tar del i møtet, og det blir høve til forbøn for alle behov. Jan Eriksen har ei tøff fortid som kriminell og narkoman, men Jesus sette han fri.

No reiser han rundt i de strengaste fengsla i Europa og forkynner om Jesus som kan gi alle eit nytt liv. Jan er ein djerv og fargerik evangelist som det er vel verd å høyre på. Det er avisa Norge IDAG som står saman med menigheten Nytt liv Sunnhordland (tidlegare menigheten Fyrlykta) om arrangementet, opplyser arrangørane til fitjarposten.no.