Firarbanden som skal ha ansvaret for A-laget til neste år, f.v. Leif Tore Aarland, Jan Åge Tislevoll, Åsmund Sørfonn og Torbjørn Korsvik. Foto: Kjetil Rydland.

Fotballgruppa har engasjert Jan Åge Tislevoll som A-lagstrenar for neste sesong, og i spissen for ein «firarbande» har han sett seg føre å skapa glød for å spela fotball i Fitjar.

Fitjar Idrettslag satsar på ein mykje yngre A-lagstrenar til neste år. Jan Åge Tislevoll er over 40 år yngre enn Leif Didrik Steensohn, som har trent laget i år. Men me kan avkrefta at han er den yngste A-lagstrenaren Fitjar har hatt.

Med sine 28 år er Jan Åge Tislevoll over tre år eldre enn Per Audun Kloster var då han tok over Fitjar sitt A-lag føre sesongen 1973. Og det er slett ingen uerfaren mann fotballgruppa har overlate taumane til.

Jan Åge debuterte på A-laget i 2006, og har spela 241 kampar. Han er ein skikkeleg goalgettter, med 113 mål på samvitet. Dei to siste sesongane har meir eller mindre gått i vasken på grunn av kneskadar; Jan Åge har blitt operert både for korsbånd og menisk. Og han reknar ikkje med å koma på banen til våren, men kanskje til hausten. – Det er siste sjansen min! seier han.

Men no er det trenargjerninga som står i fokus. Med seg i trenarteamet får han Leif Tore Aarland som lagleiar og oppmann, Torbjørn Korsvik som «sosialsjef» og Åsmund Sørfonn som hjelpetrenar.

Verken hovudtrenaren eller styret i fotballgruppa vil snakka om noka konkret målsetjing når det gjeld tabellen til neste år.

– Ambisjonen er å få folk til å ha lyst å spela fotball, slår den nye hovudtrenaren fast.

Korleis A-lagsstallen for neste år vil sjå ut, er ikkje heilt klart enno. Etter det me forstår, er det ingen som har gitt definitivt beskjed om at dei sluttar. Det er heller ingen nye namn på blokka til A-lagsteamet.

- Annonse -

Men Åsmund Sørfonn opplyser at sju-åtte juniorar i alle fall er klare for A-lagsspel. Dei skal spela på eit samarbeidslag med Solid i G19-klassen. Her vil Sondre Aarland vera med i trenarteamet frå Fitjar IL si side.

Veteranen Sørfonn er sikker på at det blir nok spelarar om dei får til eit godt nok opplegg. Korleis det blir med toarlaget til neste år, er han usikker på, og han reknar med at tre-fire av spelarane her vil vera aktuelle for A-laget.

Akkurat no er det ikkje organisert trening for A-laget, men den nye trenaren reknar med at treningane kjem i gang i midten av januar. A-lagstrenaren og hjelparane hans vil først av alt laga ein god slagplan.

– No gjeld det å skapa meir entusasme rundt A-laget igjen, seier Jan Åge Tislevoll. Etter at me har tapt mange kampar dei siste åra, gjeld det å snu det!