-Det har sige på jamnt i heile føremiddag, sa Rune Sandvik i Fitjar valstyre når me var innom vallokalet i Fitjartun tidlegare i dag.

Sandvik meiner såleis at det ser ut til å bli svært god valdeltaking i år òg.

I 2.høgda i Fitjartun var kyrkjevalet i gang. Langt i frå dei fleste som stemte ved Stortingsvalet tok turen opp trappa, men etter det me fekk vita ser det likevel ut til at det blir større deltaking på soknerådsvalet i år enn tidlegare.

Om 2. høgda i Fitjartun er rette plassen for dette valet, bør ein likevel diskutera ved neste krossveg. Me har i alle fall fått rapportar om at ein del menneske gjekk frå vallokalet utan å stemma ved kyrkjevalet fordi dei ikkje hadde føter eller helse til å ta seg opp trappa til 2. høgda.