Foto: Abo plan og arkitektur AS

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for å tilrå at Engevik & Tislevoll får oppdraget med å byggja den nye brannstasjonen i Fitjar.

Det kom inn 7 tilbod på jobben, og det var små marginar som skilte dei ulike tilbydarane. Etter ei grundig vurdering av pris og kvalitet vurderte rådmannen at tilbodet frå Engevik & Tislevoll var det beste.

– Det er svært små marginar som skil tilbodet frå Fronta og Engevik & Tislevoll. Administrasjonen har difor bedt Multiconsult AS om å kvalitetssikra kommunen sine vurderingar. Multiconsult AS støttar administrasjonen sin konklusjon, skriv rådmann Olaug Haugen i sakspapira.

Lokalt er kjekt

Politikarane var svært nøgd med at ei lokal verksemd var tilrådd til å få jobben.

– Det er mykje bra som skjer i Fitjar. Veldig kjekt at den nye brannstasjonen kjem i sentrum, og kjekt at me kan gå inn for ei verksemd med lærlingar. Me seie tydeleg i frå om kva kvalitet me ynskjer, uttala representant Sigurd Andre Maraas (Frp).

Ordførar Harald Rydland (KrF) rosa brannfolka i Fitjar, og tykte det var kjekt at ein no kan gje dei ein brannstasjon av høg kvalitet i sentrum.

Har me råd?

Arbeidstilsynet var ikkje nøgd med Fitjar kommune sin brannstasjon i Årskog etter tilsyn i 2017. Kommunen ville i utgangspunktet lukka avvika på dagens stasjon, men politikarane fann ut at dei heller ville byggja ny stasjon. Etter lange diskusjonar vart det bestemt at stasjonen skulle byggjast i sentrum, sjølv om det gjorde stasjonen dyrare.

Totalkostnaden for den nye stasjonen kjem på 21,8 mill, der 16,6 millionar er bygget, 3,8 mill tomta med opparbeiding og 1,3 mill prosjekteringa.

– Kjekt å sjå at ei lokal verksemd når fram i anbodsrunden, men har me råd til dette, spurte Jo Kjetil Strand. (H)

– Det er kjekt å sjå at me no får eit flott bygg i sentrum, sjølv om det vert dyrare enn me trudde, uttala Karen Elisabet Rydland Sæbø. Ho meinte at ein må ta seg råd til den nye brannstasjonen, noko ho fekk støtte til av dei andre representantane.

Formannskapet gjekk samla inn for å rå kommunestyret til å velja E&T. Kommunestyret skal gjera endeleg vedtak i saka på neste møte.