Foto: FP-arkiv/KR.

Fitjar IL har i likeheit med mange andre stolpejakt-arrangørar hatt veldig god deltaking i 2020, og dei tykkjer det er kjekt at tilbodet slår an.

– Sidan det har vore so populært, ynskjer me å gje Fitjarbuen eit tilbod i desember ogso, fortel Rolf-Atle Rolfsnes i Fitjar IL si orienteringsgruppa.

Han fortel at frå 5. til 31.desember vert det mogleg å jakta på 20 stolpar i Fitjar sentrum/Fitjarstølane/Rossneset.

Kart blir å finna i appen, samt i stativet ved Spar i Larsenbygget og som pdf-filer på https://stolpejakten.no/ og Fitjar IL si nettside.

– Det vert flotte premiar. Me har no trekt ut premiane for årets vanlege sesong( sjå liste nedst).

Kva tenkjer du om stolpejakt?

Fitjar IL ynskjer no tilbakemeldingar på kva folk meiner om årets sesong.

– Me ønskjer at stolpejakta skal vera eit lågterskel-tilbod som får folk ut på turar i nærområdet, men me har òg nokre stolpar som er litt meir utfordrande for dei som ønskjer det. Me vil gjerne ha tilbakemelding frå deg om kva du synest, og det er flott om du kjem med tips om kva som kan gjerast endå betre. Flott om du tar deg tid til å fylla ut evalueringsskjemaet som me har laga (gjerne anonymt om du vil), avsluttar Rolfnes.

Årets vinnarar:

Gåvekort Varehuset RydlandRonny Grahl
Gåvekort Varehuset RydlandKristin Meland
HovudlyktSigrid Kvernenes Pedersen
HovudlyktTorunn Aarskog
Gåvekort frå Heimly (Larsen Multihandel) (kr 600,-)Wenche Halås, Alver
Gåvekort pizza, Mix-kiosken på FitjarEven Helland
Gåvekort middag Fitjar FjordhotellOttar Bakketun, Voss
Gåvekort Duo hårstudio, klipp – (500,-)Kristine K. Dalen, Fitjar
Gåvekort Rema (kr 400,-)Lorentz Tyvoll
2 mnd trening (800,-) Fitjar TreningssenterLiljan Vestbøstad Waage
Goodiebag Fitjar kraftlagAnne, Bergen
Goodiebag frå Midtfjellet VindkraftPaul Kenneth Lillenes