Fitjar kommunestyre sa i møtet i dag ja til å sende søknad om vinmonopol i Fitjar.

Saka vart vedteken med knappast mogleg fleirtal, 9 mot 8 stemmer. Det var representantane til Høgre, FrP og Agnar Aarskog frå Ap som sytte for fleirtalet i saka.

Eit framlegg om å sende saka ut på høyring, og såleis utsetje saka, fall med 10 mot sju stemmer.