Kommunestyret sa i dag samrøystes ja til nytt pipeorgel i kyrkja!

Etter at sak om nytt kyrkjeorgel var handsama i formannskapet nyleg, har orgelnemnda lagt fram nye opplysningar. Kostnadsramma for prosjektet er redusert frå 5,5 til 4,5 mill, og søknaden om kommunal medverknad kan då reduserast frå 4,5 til 3,5 mill. Fellesrådet har teke på seg å skaffa 1 mill. til prosjektet.

Bakgrunnen for prisreduksjonen er at den økonomiske situasjonen i Europa gjer at orgelbyggjarane senkar prisane, og sjølve orgelet kan tingast med 25 stemmer i staden for 27 som var tenkt frå starten av.

Etter gruppemøte i kommunestyremøtet i dag la Arne Prestbø (H) fram følgjande felles framlegg frå partigruppene:

”Fitjar kommune vil delvis imøtekomma søknaden frå Fitjar kyrkjelege fellesråd med investeringsmidlar til nytt klassisk pipeorgel i Fitjar kyrkje. Midlane vil bli lagt inn i LTP på investering: 2014: 1,5 mill 2016: 1,5 mill 2017: 0,5 mill Det vert sett tak på 3,5 mill på den kommunale delen, dette gjeld om orgelet vert dyrare. Om orgelinvesteringa vert rimelegare enn budsjettert, 4,5 mill, skal den kommunale delen reduserast prosentvis lik reduksjonen. Rådmannen må oppnemna ein representant frå kommunen som følgjer opp denne investeringsprosessen.”

No kan det skrivast kontrakt med orgelbyggjar i 2014, og eit nytt orgel skal vera på plass i kyrkja til 150-årsjubileet i 2017!

På biletet oppe til høgre ser du noverande orgel. Klikk på biletet for å få det større.