I norskfaget har me i dag tre karakterar: hovudmål, sidemål og munnleg. Eit forslag som er kome inn til den nye læreplanen er å kutta ut sidemålskarakteren.

For fleirtalet av elevane i norske skular vil det seie kutt i karakteren i nynorsk. Fjerning av karakterbasert sidemål kjem til å føra til ei endå lågare språkleg forståing for det andre skriftsspråket. I praksis vil det seie ei klar svekking av nynorsken sin posisjon.

Elevar opplever i dag eit stort karakterpress. For å koma inn på høgskule/universitet må ein ha gode karakterar. Dersom ein tar vekk karakteren i sidemål, kjem faget til å verta endå meir nedprioritert til fordel for andre fag. Resultata vil då verta dårlegare. Sjølv om det vert sagt at lærarane skal ha like mykje fokus på sidemålsopplæringa dersom den vert utan karakter, så hjelper ikkje det stort dersom elevane mister motivasjonen.

Tidlegare var det obligatorisk eksamen i sidemål. I dag er faget gjort om til eit «trekkfag» der det er tilfeldig om ein kjem opp til eksamen eller ikkje. Rambøll Management gjorde ei evaluering av den nye løysinga i 2010. Den viste tydeleg at eksamensresultata i sidemål hadde vorte dårlegare etter at obligatorisk eksamen vart fjerna. Dess mindre fokus og bedømming, dess mindre motivasjon har elevane for faget.

Eg trur at det å fjerna karakteren i sidemål vert ei for enkel løysing. I staden bør me styrkja sidemålet, skapa meir forståing og med det betra motivasjonen for faget. Fyrst då får ein betre resultat og elevar med høgare forståing for dei to skriftsspråka. Me er eit av dei veldig få landa med to skriftspråk. Dei må me arbeide for å bevara! 

Karen Mjør
Leiar Sunnhordland Målungdom