Som kjent starta Lazar Vucenovic opp sjakksamlingar på tysdagar for interesserte. Det ser ut til å ha slått godt an. 

– Kva vil de gjere no, spør Lazar og peikar på den store, magnetiske sjakktavla som han har hengt opp på veggen framme i Fitjar seniorsenter. Fleire hender kjem i vêret. Og fleire framlegg vert prøvd ut. Men så er det ein som ser det heile. – Flytt springaren fram, seier han og fortel korleis. – Ja, der har me det! seier Lazar, entusiastisk. – Der set du motstandaren sjakkmatt!

– Det er så lett for at når motstandaren let oss slå ein av hans brikker at me slår tilbake utan å tenkje. Slik i dette tilfellet. Men om du gir ifrå deg eit tårn, men rett etterpå kan setje motspelaren sjakkmatt, er det jo det som tel, smiler Lazar, etterpå.

Då fitjarposten var innom sjakkgruppa, var det berre unge spelarar på plass. Men det er vaksne med òg.

– Eg deler dei no i to grupper, forklarer Lazar, som i bølgja etter Magnus Carlsen sine prestasjonar har fått sving på sjakkmiljøet i Fitjar, etter at det i fleire tiår har lege nede.

Ingressbilete: Ivrige sjakkspelarar: F.v. Izak Håkonsen Michelsen, Sondre Fitjar, Sander André Aarskog og Simon Hatlevik. Foto: Håkon C. Hartvedt

Lazar Vucenovic instruerer, og dei unge spelarane følgjer ivrig med. Foto: Håkon C. Hartvedt.