Roald Magne Nilsen melder om eit nytt vellukka klubbdommarkurs.

Sist fredag heldt han klubbdommarkurs for 13 særs ivrige kursdeltakarar. Han har køyrt desse kursa for Fitjar Idrettslag årleg i over 20 år.

Roald fortel at dei unge dommaraspirantane – alle fyller 13 år i år – kom med mange spørsmål om reglar og korleis dommaren taklar ulike situasjonar.

Den praktiske delen blir gjennomført med rettleiar under Spar Fitjar cup, som går av stabelen i byrjinga av juni, fortel Finn Ingvar Havnerås. Han er dommaransvarleg i fotballgruppa.