Foto: Kristin Berg

Temakveldgruppa kryssar fingrar og tær for at dei no kan invitera inn til ein storslagen kveld i Fitjar kyrkje.

– Me er glade for å kunna invitera til konsert torsdag 29. oktober. Og det er ikkje nokon kven som helst som kjem! Iver Kleive er halden for å vera ein av dei beste organistane i landet, – og det same kan seiast om Knut Reiersrud på gitarar. For det er gitarar i fleirtal han har med seg når han kjem, fortel Eli Simonsen frå temakveldgruppa.

Iver Kleive vitja Fitjar i fjor, men då saman med Sondre Bratland.

– Han trollbatt eit lydhøyrt publikum, ja, – det gjorde dei båe.

Kleive har utdanning frå inn- og utland. Han har vore kantor i Den norske kyrkja, er studiomusikar, akkompagnatør, komponist, solist og dirigent. Han har vunne mange prisar, og er riddar av St. Olavs Orden.

Knut Reiersrud på si side er ein glitrande gitarspelar, som har spela inn mange plater. I tillegg er han komponist, låtskrivar og arrangør.

– Det har vore korona-turke for Temakveldgruppa i over eit halvt år, men no ser me fram til denne luksuskvelden. Smittevernstiltaka vil vera i høgsetet, og difor ser me helst at publikum kjøper billettar på førehand, fortel Simonsen.

Ho vonar at mange finn vegen til kyrkja denne kvelden.

– Dette vert ei oppleving av dei sjeldne, avsluttar ho.