– Rundt 30 personar deltok på sabbatsmåltid på Fitjar bedehus fredag kveld. Bedehuset var pynta til fest, og ein spennande russar var til stades, fortel Vidar Giske til fitjarposten.no.

Han fortel vidare at Odd Bjarne Skogestad frå Israelsmisjonen informerte om korleis jødane feirar sabbaten.

– Me vaknar opp til nytt døger kvar morgon, mens jødane begynner på nytt døger ved solnedgang. Sabbaten varer fra solnedgang fredag til solnedgang laurdag. Når dei skal eta sabbatsmåltidet, så les dei frå Bibelen, velsignar barna, ber saman og har eit familiemåltid i lag. Det er ikkje så viktig kva dei et, det viktige er ramma rundt og fellesskapen i familien, sa han, og Giske fortel vidare:

– Soknerådet og Israelsmisjonen diska opp med mykje deilig mat før Jorunn Andestad Langmoen frå Israelsmisjonen fortalte om bordfellesskap i Bibelen.

– Dei fleste har høyrt om Sakkeus, han som var så liten at han ikkje kunne sjå Jesus over alle dei andre folka. Israel var den gongen styrt av romarane. Sakkeus krov inn pengar for romarane, noko jødane slett ikkje likte. I tillegg krov han inn ekstra pengar til seg sjølv.

For oss er det lettere å forstå dette hvis vi tenkjer at nokon krov inn skatt til tyskarane da dei okkuperte Noreg, og i tillegg tok ekstra betaling til seg sjølv. Slike personar ville vore svært lite populære, og Sakkeus var mislikt av folket sitt. Han klatra opp i eit tre for å sjå Jesus. Jesus stoppa hos han, og sa at han ville besøkje han, og eta med han. Blant jødar tyder det å eta saman at du har eit nært og tett fellesskap, og det var nesten utruleg at Jesus ville eta saman med ein slik som Sakkeus. Jesus kjenner oss alle. Han veit om alle våre feil og manglar, men vil likevel ha ein nær og tett fellesskap med oss, sa Langmoen.

– Deretter var det presentasjon av den russiske presten Alexey Shepelev, fotset Giske. – Han hadde ikkje kristen bakgrunn, men som niåring forstod han at det var noko spesielt med Jesus. Han bestemte seg litt etter for å bli prest når han vart vaksen. Han er av jødisk familie, og etter ei stund ble han spurt om å jobba som Jesusmisjonær blant andre jødar. Han ønskte eigentleg å jobba som vanlig prest i ei luthersk kyrkje, men etter eit møte med Rolf Gunnar Heitmann i Israelsmisjonen, begynte han som prest, eller misjonær om du vil,  for jødane.

Alexey fortalte om då han tok drosje i Jerusalem. Drosjesjåføren ville vite kvifor han var i Jerusalem, og han svarte mellom anna at han skulle be om fred for Jerusalem. Den arabiske drosjesjåføren svarte at det ikke var muleg med fred så lenge det budde jødar i Jerusalem. Alexey sa at i Koranen, den muslimske boka, står det at det vil bli fred når Isa (arabisk navn på Jesus) kjem tilbake. Sjåføren såg overrraska på han og spurde: – Står det i vår bok? – Ja, sa Alexey, til og med Koranen taler om Kristus. – Det må eg lesa om, sa drosjesjåføren, og Alexey anbefalte også eit arabisk nytestamente. Etter drosjeturen spurde han Gud: – Du har kalt meg til å forkynne for jødane, kvifor leiar du meg til arabarar òg? Og han fortalde at Gud viste han at Han elsker alle menneske, både jødar og arabarar (og nordmenn).

– Alexey Shepelev skal tala på festen på laurdag klokka 18, og det er verkeleg noko å gle seg til. Her vil me truleg få meir innblikk i hans interessante liv saman med Jesus. Israelsmisjonen begynner elles dagen med bibeltime klokka 12.00, seier Vidar Giske til slutt i sitt innlegg til fitjarposten.no

Sjå annonse for møta på Fitjar bedehus sine heimesider.