Mariann Vestbøstad tok to gull i ispigging, under NM på ski i Stokke i Vestfold i helga.

Dei gyldne medaljane kom på 4 km der ho gjekk til topps med tida 12.09,2 og på sprint (600m) der ho fekk tida 2.21,8.

No reiser ho vidare med landslaget til Frankrike og Tyskland. Her vil det bli avgjort om ho vert mellom dei som får stilla opp i OL i Vancouver i februar.