Annar Westerheim har i dag målt isen på Bergatjørna og Botnatjørna som ligg nedanfor Sælevik skule. Her har isen lagt på seg nokre cm sidan målingane på torsdag i veka som var.

Isen på Botnatjørna målte i dag 23 cm jamt over og 21 cm på Bergatjørna.

Westerheim tok vidare turen innover nordre Dåfjorden til Tinsholmen ved Rydlandssaga, her var sjøisen 21 cm.

Midtfjords ved bekkeutløpet til Bergabergtjørna viste målinga 19 cm, ved Skuleneset 18 cm, og ute tvers av Veravika viste meterstokken 15 cm.

Lenger utover mot Trulsastraumen (brua) er det ikkje sikker is.

– Det har vore mange oppslag i lokalavisa om kven som har ansvar for tryggleik og ferdsel på isen. Foreldra må ta ungane med på isen og læra dei kor det er trygt å ferdast og ikkje.

Besteforeldregenerasjonen sit inne med mykje god kunnskap som, trekk dei med i ein skuletime og to, kunne vore nyttig. Elevane ferdast kanskje på isen på kveldstid òg. Då er det foreldra som har ansvaret.