Sola skein og fisken beit då Fitjarposten tok ein tur ut på Dåfjord-isen søndag.

Nokre få ivrige fiskarar hadde funne vegen ut på fjorden i dag då me kom forbi. Rett utanfor Lønevågen møtte me på to unge isfiskarar, Jacob Jordåen Molvik og Robin Eriksen. Dei hadde fått eit par fiskar då me snakka med dei, men den eine var så stor at han blei hekta av i holet. Dermed måtte pappa Ivar Molvik hogga større hol. Vonleg har det gitt resultat utover dagen.

Lenger sør, og nærmare Dåfjordbrua, møtte me to litt meir rutinerte isfiskarar. Joost Lommelaars hadde fått både hyse og makrell før me kom, og rett framfor augo våre drog han opp fleire kvitingar. Rett nok var den eine for liten, og blei sendt rett ned i holet att. Ved sida av Lommelaars sat Mats Tranøy, som har fått storfisk på Dåfjord-isen før. I januar i år drog han opp ein torsk på 9,8 kilo på røyestonga si. Den største han kunne visa til i dag, var ei hyse på 2,6 kilo, og elles hadde han fått småsild og kviting. 

Begge to fortel at det er torsk dei har mest lyst på. Men fangsten i dag var ikkje så verst, og kanskje fekk dei juletorsken etter at me måtte gå frå dei?