Iselin G. Rimmereid er den heldige vinnaren av brusmaskinen som var premien i Fitjar Sommarguide sin utklippkonkurranse.

Brusmaskinen har ein verdi på rundt 1000 kroner, og ønskjer Iselin å bytta han inn i noko anna, har ho høve til det.

-Kjempebra å vinne, smiler ho, kledeleg sjenert, og saman med foreldra vil ho etter kvart bestemma seg for kva premien skal enda opp i. Det er mykje kjekt ei lita jente kan få for 1000 kroner.

Gøy å vinne var det uansett, let Iselin oss forstå, og me får vite at namnet på konkurranselappen har ho skrive sjølv, medan bestemora hennar har hjulpe ho med adressa.

Denne konkurransesida i Fitjar Sommarguide er sponsa av Fitjar Kraftlag.