Mange er irriterte på grunn av manglande skilting om vegarbeidet som for tida pågår i Synningo.

-Det rimeleg mange som er irriterte fordi vegen til tider er stengt når dette ikkje er skilta på Rydland, i krysset ved Koløyvegen eller på vegen frå Fitjar mot Helland, skriv ein av våre lesarar.

Ove Hausvik i Statens vegvesen opplyser ti fitjarposten.no at avtalen var at vegen mest mogeleg skulle vere open. Maks 10 minutts venting.  Men så hadde dei fått trøbbel med ein maskin i dag tidleg og klarte difor ikkje å opna opp så fort. Det var òg meininga at det skulle stå folk ved vegen å gje melding om stenginga, men ting tyder vel på at det ikkje har fungert 100 prosent.

Men etterkvart kom det òg opp skilt. 

Les meir på facebooksida vår. Der vil du sjå at mange trass i alt er svært glad for at ein endeleg er kome i gang med arbeid på denne vegen.