Ein av våre lesarar er skikkeleg frustrert over at det ikkje vert gjeven skikkeleg informasjon om vegstenging.

-Det er med irritasjon me leita etter annonse i avisene eller skilt langs vegane om vegstenginga mellom Dåfjorden og Fitjar.
Eg høyrde deler av ei melding, i NRK Hordaland, tidleg i dag, men det er ikkje råd å finna noko på Vegvesenet sine sider.

Dette er under ALL kritikk og "vegvesenet " har igjen ikkje gjort jobben sin, skriv han til fitjarposten.no