Kva gjer ein når ein ikkje kan besøkja ein 17.mai-kiosk i sentrum i år? Ein bygger sin eigen vel.

I Søre Stølen tok dei saka i eigne hender når nasjonaldagen ikkje vart heilt som vanleg. Kiosk vart bygd, og betent frå garasjen.
Julie Sætre (6 år) og Noelle Sætre (2 år) styrte kiosken, og naboar og familie vart invitert til å koma og handla.
Kiosken var ein stor suksess, og alle fekk handla seg energi før leikar og andre sprell i hagen.
Me kan tenka oss at pappa Anders Sætre, som sendte oss bilete hadde ein «liten» finger med i spelet under bygginga av kiosken.