Ungdomsrådet i Fitjar ynskjer å gjera noko kjekt for alle ungdomane i Fitjar i desse koronatider, og inviterer alle til å vera med internettkviss kvar kveld.
– Me i Fitjar ungdomsråd arrangerer direktesendt kahoot på Facebook-sida vår kl. 19 kvar kveld denna veka, for at folk ska ha noko kjekt å vera med på i desse koronatider, fortel Oda Volden de Fine på vegne av u-rådet.
Ho håpar mange vil vera med og lovar lett blanding av spørsmål.
– Ingen premiar, men vinnaren skal få eit heilt glas med lykke, avsluttar Volden de Fine lurt.