Fotballgruppa i Fitjar idrettslag inviterer igjen til innandørscup i fotball, ein cup som denne gongen har fått namnet Wärtsilä-cup, og som vert arrangert 20-22.februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Klasseinndelinga vert slik:

KLASSE 1. ELITEKLASSE HERRAR
Dette er klassen for dei som ynskjer å bli best blant dei beste. Ingen begrensingar på aktive spelarar. Nedre aldersgrense: 15 år.

KLASSE 2. OPEN KLASSE DAMER
Dameklasse utan begrensingar for aktive / ikkje aktive. Nedre aldersgrense 15 år.

KLASSE 3. OPEN KLASSE HERRAR
Her er klassen som samlar resten av fotballglade herrar. Bedrift, Oldboys, Krinslag, Velforeininger, B-lag, Veteran. Her er det plass til alle. Ingen aktive tillate. Nedre aldersgrense 15 år. Fyller ein 15 år i 2009 er det OK.

5 utespelarar inkl. keeper, 3 res. Totalt 8 spillere pr. lag.

Juniorspelarar som har deltatt på senior A-lag 2007 5. div. eller høgare er aktive.
Juniorspelarar ellers blir rekna som ikkje aktive.

Old Boys spelarar er ikkje aktive! (Uansett) (Må fylle 34 år i 2009 eller eldre)

Spelarar som har spelt A-lags fotball 5. div. eller høgare i sesongen 2007, men som har lagt opp blir rekna som aktive!

-Alle lag blir inndelt i Puljer à 4 lag
Event. Serie med 5 lag.
-1 x 13 minutt pr kamp

-Innleiande kampar blir samla innanfor så kort tidsramme som praktisk muleg !

AVVIKLING
Fitjarcupen startar fredag 20. februar kl. 18.00. og pågår fram til laurdag 21. februar kl. 19.30. Her stansar turneringa opp for bankett på Fitjar Fjordhotell med Ope Hus. Fullt trøkk i 2 etasjer Cc 150/18 år

Sundag 22. februar startar ein opp att kl. 11.00 med kvartfinalar, semifinale og finalar. Premieutdeling i Idrettshallen under ein høgtidleg seremoni.

I den grad ein greier det, skal ein unngå nattkampar.               

Påmeldingsskjema i PDF-format kan lastas ned her

(Om du berre vil lagra PDF-fila på datamaskina di: høgreklikk lenka og vel «Save target as…» («Lagre mål som…»).

PÅMELDING INNAN ONSDAG 11. februar,
pr. E-post til:
ole.bergesen@haugnett.no

Påmeldingsavgift kr. 1200- pr. lag som deltek.