For sjette året, på sjette øya, inviterer ein til temadagar om kystgard og kystlynghei. I år er det Langøya som står for tur.

Langøya er eigd av Friluftsrådet Vest, og er meint som tilgjengeleg friluftsområde. Friluftsrådet Vest har saman med Venelaget for Langøy restaurert fleire av bygningane på øya. I det gamle eldhuset har dei blant anna laga overnattingsstad til fire personar. Elles har ein rydda søppel, busk og kratt og svidd lyng for betre sauebeite. Gamal norsk sau beitar her, og er med på å halda øya fin.

Tidlegare har ein hatt temadagar på Eggøy, Torsdagsøy, Straumøy, Tverderøy og Fonno.

Prosjektgruppa for temadagane 2019, som har bestått av Bård Inge Bø, frå Venelaget for Langøy, Turid Bjordal, Maien Koppang og Aase Nøttveit (Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor), inviter i år folk til Langøy. Her vert det eit spennande program med markvandring, brakjerydding og sviing av lyngbeite(fullt program lenger nede).

Alle er velkomne til å delta, med deltaking er på eige ansvar, skriv prosjektgruppa. Dei skriv at ein kan overnatta i telt eller i eigen båt om ein ynskjer det.

– Har du brakjesaks, sag eller utstyr til brenning så ta det gjerne med. Husk egna kle og sko til sviing, dvs ikkje syntetiske kle.

Påmelding til SFLMK asno@fitjar.kommune.no eller tlf. 5345 8500/48145834 innan 2. april. Hugs å gje tilbakemelding på behov for båtskyss, om du vil delta på fredag, laurdag eller begge dagane, og ynske om overnatting.

Fullt program:

Fredag 5. april:

Kl. 15.00 Båt frå Fitjar

Kl. 15.30 kaffimat og drøs ved eldhuset

Kl. 17.00 Markvandring (kle og sko etter vær og terreng):

  • Bård Inge Bø tek oss med på rundtur i kulturlandskap og kulturminner. Han fortel og om planer for Langøy framover.

Kl. 19.00 Båt til og frå Straumøy

  • Betasuppe mm
  • Forteljingar frå Fitjarøyane og Langøy
  • Planlegging av sviing laurdag.

Laurdag 6. april:

Kl. 10.30 Båt frå Fitjar

Kl. 11.00 Brakjerydding og brenning mens vi venter på forhold for sviing

Kl. 12.00 Formiddagsmat, historeforteljing(Karten Nygård) og planlegging av dagens lyngsviing

Kl. 13.00 Sviing av lyngbeite (verforbehold)

Kl. 16.00 Båt til Fitjar